Søk om produksjonstilskot innan 15. mars

Ku - Klikk for stort bilete Søknadsfristen for del 1 av søknaden er 15. mars. Du kan søkje om tilskot til dyra du disponererte på teljedatoen 1. mars 

Søknadsfristane vert praktisert fleksibelt i 2019, det er difor mogleg å levere søknaden opptil 14 dagar etter fristen, det vil sei til og med 29. mars. Fram til fristen kan ein også gå inn og rette/endre i ein allereie innsendt søknad. Så det er ingen grunn til å vente til siste frist, problem med data og nettverk kan fort medføre at ein ikkje får levert søknaden i tide.

Søknaden skal helst leverast elektronisk på Altinn, det er raskt, sikkert og reduserer risikoen for feil. I den elektroniske søknaden finn du også søknadsopplysningane dine frå siste søknad. Det er også mogleg å levere papirsøknad. Du finn meir informasjon om produksjonstilskot på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Dette kan du søkje om i del 1 av søknaden:

  • Husdyrtilskot (unntatt bikuber)
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon

Du må også registrere dyr som gir grunnlag for tilskot til avløysing ved ferie og fritid, og tilskot til grovfôrareal. Desse to tilskota søkjer du om i del 2 av søknaden, men du må å ha registrert i dei dyra du disponerer per 1. mars for at desse skal takast med i tilskotsgrunnlaget for dei to ordningane Om du har spørsmål  i samband med søknaden, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

Lukke til!

Søknadskjema

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 09.04.2019