Informasjon om Draumeplassen-konkurransen 2019

Ynskjer med dette å informere dykk om Draumeplassen-konkurransen 2019, i regi av 4H Sogn og Fjordane, og med stønad frå Gjensidigestiftelsen. I år gav Gjensidigestiftelsen støtte til Draumeplassen i tre nye fylke.  

Dei fire fylka som arrangerer Draumeplassen-konkurransen 2019 er Troms, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane.

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne kr 100 000,- kvar og få prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

Draumeplassen har som mål at det blir etablert fleire møteplassar i nærnaturen. Møteplassane vil auke folkehelsa, gje læring, skape meistring og spreie smilande naturglede. Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universielt tilrettelagt.

Lokale lag og organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass.

Velkomen til heimesida http://www.naturmoteplass.no/draumeplassane

Søknadsfrist 15. mai 2019

Her finnast meir informasjon om konkurransen, søknadsskjema, mal for skildring av naturmøteplassen, mal for budsjett og kriterie for vurdering av søknaden.

På heimesida kan de også laste ned ferdige byggjepakkar som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga.

Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.

4H har positiv erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og håpet er at konkurransen vil verte nasjonal.

Vidareformidle bodskapen til born og vaksne som kan gå saman om å søkje, og skape Draumeplassen ute i naturen.

For ytterlegare informasjon, kontakt gjerne:
Roger Eide, prosjektleiar for Draumeplassen Sogn og Fjordane
e-post: roger.eide@4h.no   tlf. 952 50 129

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 09.04.2019