Energiportal for Hornindal kommune sine innbyggjarar

Bilde Energiportalen facebook.jpg - Klikk for stort bilete

Hornindal kommune kan no tilby alle innbyggjarar i Hornindal gratis hjelp til å snakke med ein energirådgjevar, der ein kan få hjelp til å bruke energiportalen eller få objektive råd om eigen bustad, energitiltak og støtteordningar.

Energiportalen gjer bustadeigar i stand til å finne dei rette energitiltaka for eigen bustad og ein lokal leverandør som kan installere. Resultatet blir at bustadeigar sparer energikostnader, og kommunen reduserer energibruk og CO2-utslepp frå bustaden.

Energiportalen til Hornindal

Mange opplever høge straumkostnadar for tida. Det kan lønne seg å installere energitiltak, som for eksempel varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadane.

Kommunen har ein gratis og objektiv energiportal som gir deg raskt svar på kva energitiltak som passar i din individuelle bustad:

  1. Gå inn på energiportalen.no
  2. Tast inn adressa di og definér størrelsen på bustaden din.
  3. Kryss av for dei oppvarmingskjelder som du brukar i bustaden din i dag, kva standard bustaden har, og om du har gjort oppgraderingar.
  4. Definér antal personer i hushaldninga og kor ofte/kor lenge kvar person dusjar, og antal karbad pr veke.
  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i husstanden din.
  6. Simulér deretter ulike energitiltak i bustaden din og du ser kva for aktuelle tiltak du sparer mest energi og kostnader på pr år. Vurdér dette opp mot innkjøpspris.
  7. For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du få opp lokale leverandørar som kan installere tiltaket. Be om tilbod frå for eksempel tre av dine næraste leverandørar.

Etter installasjon vil du sjå at straumkostnadane går ned, dersom du held same nivå for varme og komfort.

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 01.03.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Andreas Solvik
Otterdal
Andreas Solvik
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering