Tiltakspris 2018

Tiltakspris.JPG - Klikk for stort bilete

Grodås Bilservice vart etablert på 1960-talet, og har ei sentral plassering på Grodås.
Kjetil Grodås er 3.generasjon som driv verksemda. Etter overtakinga har han oppretta føretaket Grodås Bilsenter.

Grodås Bilsenter har i løpet av 2018 gjennomført ei betydeleg modernisering og utviding av bedrifta. I tillegg til modernisering av stasjonen, er det gjort store investeringar i verkstaden, vaskehallen og nytt dekkhotell. Investeringa bidreg til å skape auka aktivitet i Grodås sentrum, skape fleire arbeidsplasser, og bli eit attraktiv tilbod for både bygdefolk og gjennomreisande.

Hornindal kommunestyre er takksame for den satsinga bedrifta gjer, og ynskjer lukke til med vidare drift og utvikling

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Sist endra 14.12.2018