Tematisk kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet - handlingsplan 2019, og lokal frist for søknad om spelemidlar 2019

Dagsturhytte.jpg - Klikk for stort bilete For å kunne søkje om spelemidlar i 2019 må prosjektet det blir søkt midlar til stå i kommunen sin handlingsplan over prioriterte anlegg. Handlingsplanen skal rullerast og godkjennast av kommunestyret kvart år, og dei som ynskjer å påverke denne prioriteringa må sende sine merknader til kommunen innan 27.11.2018.

Handlingsplanen omfattar ordinære anlegg, nærmiljøanlegg og friluftsanlegg i fjellet. I tillegg er det med ei liste over uprioriterte anlegg. Det er høve til å flytte anlegg over frå uprioritert til prioritert liste, men det er ikkje høve til å ta inn nye anlegg, dvs. anlegg som korkje er med på den uprioriterte lista, eller som ikkje er omtala i hovuddokumentet (Tematisk kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet).

Lokal frist for å kunne søkje spelemidlar for 2019 er sett til: 12.12.2018. Då må det på førehand vere innhenta idrettsfunksjonelle førehandsgodkjenning. Nærare orientering om førehandsgodkjenninga og søknad om spelemidlar er å finne i kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018. Denne omtalar i detalj gjeldande vilkår for å kunne søkje om spelemidlar, og for å kunne lage til gode søknader er det ein føresetnad å kjenne til desse føresegnene.

Det vert elles vist til vedlegga og lenkja under.

Utkast handlingsplan 2019 (PDF, 2 MB)

Eigengodkjent kommunedelplan 2015 - 2018 (PDF, 493 kB)

Spelemidlar fysisk aktivitet

Publisert av Jan Endre Nesdal. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 23.11.2018