E39 Byrkjelo – Grodås - Kommunedelplan (KDP) m/konsekvensutgreiing (KU) på høyring – offentleg ettersyn

Statens Vegvesen - Klikk for stort bilete I samarbeid mellom Statens vegvesen og kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal vert forslag til kommunedelplan m/konsekvensutgreiing for E39 Byrkjelo – Grodås - lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 21. november 2018 til 21. januar 2019.

Arbeidet med kommunedelplan for E39 på strekninga Byrkjelo - Grodås (til Kvivstunnelen) har pågått sidan planprogrammet for vegen vart eigengodkjent av kommunane i 2016. Jf. Hornindal kommunestyre si godkjenning i K-sak 080/16.

Planforslaget omfattar kommunedelplankart, føresegner og planomtale, i tillegg til teikningar, konsekvensutgreiingar og del-temarapportar. I Hornindal vert det lagt fram forslag til 3 alternative løysingar: H1, H2 og H3.

Evt. merknader til planen skal sendast til Statens vegvesen, firmapost-vest@vegvesen.no, eller som brevpost til: Statens vegvesen Region vest, Postboks 43, 6861 Leikanger. Merk e-post og/eller brevpost med "E39 Byrkjelo – Grodås".

Høyringsfrist: 21. januar 2019.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 20.11.2018