Varsel om oppstart av mindre reguleringsendring i hytteområde B4 - nordaust for Storesetra

Utkast til reguleringsplan - B4.png - Klikk for stort bilete

Etter vedtak i planutvalet 04.07.2018, sak 010/18 vert det varsla oppstart av mindre reguleringsendring i hytteområde B4 nord for Storesetra.

Reguleringsplanen for område B4 ved Storesetra vart fremja som privat plan, og eigengodkjend av kommunestyret i K-sak 069/13. Planen omfattar to hyttetomter, samt diverse trafikkareal og landbruksareal.

Grunneigaren og hytteeigarane i området ynskjer no å føreta justeringar av fleire grenser, og gjennomføre makeskifte av areal. Endringane har sitt utspring i at gangstien/ tilkomsten til tomtene og arealet bak tomtene, av terrengmessige årsaker, vart bygt annleis enn vist på reguleringsplanen. Dette resulterte i at store deler av vegen vart lagt over tomt H2, og alle partar (grunneigaren og eigarane av tomt H1 og H2) er samde om gjennomføring av mindre endringar av reguleringsplanen. I prinsippet omfattar dette:

  • Område regulert til gangsti/ tilkomst vert omregulert til landbruksføremål.
  • Ferdig utbygt veg vert vist i kartet og regulert som landbruksområde – med tinglyst vegrett for dei to eigedomane H1 og H2.
  • Område regulert til fritidsbusetnad H1 avstår ein liten trekant i nordaustre hjørne av tomta, og får tillagt tilsvarande areal av LNF-område langs søndre grense.

Det vert elles vist til sak 010/18 m/ tilhøyrande vedlegg.

For nærare omtale av planen vert det vist til kommunen si heimeside: https://hornindal.kommune.no
Evt. innspel til planarbeidet skal vere skriftleg og sendast til: Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, eller e-post: post@hornindal.kommune.no Frist: 07.09.2018
Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 11.07.2018