Stor skogbrannfare - totalforbod mot alle former for bålbrenning

Logo brannfare.jpg - Klikk for stort bilete Etter langvarig tørke er det no stor skogbrannfare i heile Hornindal kommune, og det vert frå dags dato innført totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Forbodet gjeld inntil brannvesenet opphevar det.

Det er generelt forbod mot bålbrenning o.a. bruk av åpen eld i skog og mark i tidsrommet 15. april til 15. september, og utover dette gjeld prinsippet om å vise varsemd med alle former for bålbrenning. 

Etter langvarig tørke er det no svært stor skogbrannfare, og forbodet mot bruk av åpen eld utandørs gjeld - uavhengig av om dette er i skog og mark, på berre flekkar i fjellet, ved strandkanten eller andre stadar. Forbodet omfattar også bruk av eingongsgrill.

Forbodet er heimla i brann- og eksplosjonsvernlova § 37, og forskrift om brannforebygging § 3. (Forbodet er vedteke som forskrift utan førehandsvarsling og kunngjering etter forvaltningslova § 37 andre ledd, og § 38 første ledd bokstav c.)

Brannsjefen

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 01.07.2019