Høyring - forslag til endra vegnamn i Hornindal kommune

Vinkjellaren mot Hornindal - Klikk for stort bilete

Som følgje av kommunereforma må Volda og Hornindal kommunar rydde opp i vegnamn som i dag er like eller nesten like i dei to kommunane.

Utval for Utvikling handsama sak 014/18 onsdag 18.04.2018, om å legge forslag til nye vegnamn ut på høyring
(https://hornindal.kommune.no/innsyn_pluss/wfdocument.ashx?journalpostid=2018001342&dokid=1339270&versjon=3&variant=A& )

Link til adressenamn - matrise (XLS, 39 kB)

Fellesnemnda handsama i sak 20/18 torsdag 19.04.2018 kriteria for kva kommune som skal behalde dei aktuelle vegnamna. (https://nyevolda.no/wp-content/uploads/2018/04/p-felles-20180419.pdf )

Kommuneadministrasjonen ynskjer skriftlege tilbakemeldingar pr. brev eller epost om de har kommentarar eller alternative forslag til nye vegnamn. (anita.muldsvor@hornindal.kommune.no )

 

Her er forslaga til nye vegnamn:

a. I dag: Dalavegen                       Forslag: Hornindalsvegen

b. I dag: Grendadalsvegen             Forslag: Holebakkane

c. I dag: Haugen + Beitevegen       Forslag: Hogageilane

d. I dag: Lidavegen                       Forslag: Åresvora

e. I dag: Lønnsvegen                     Forslag: Furdansvegen

f. I dag: Nygardsvegen                  Forslag: Knutsdalsvegen

g. I dag: Ospelida                         Forslag: Hogden

h. I dag: Raudemelvegen              Forslag: Raudemel

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Anita Muldsvor. Sist endra 23.05.2018