Velkomen til Janita og Tove på Hornindal Folkebibliotek

Bibliotek.jpg - Klikk for stort bilete

Volda og Hornindal har inngått vertskommune-avtale.
Biblioteksjefen i Volda, Tove Aurdal Hjellnes, skal også vere biblioteksjef i Hornindal. Ho er utdanna bibliotekar og bur i Volda.  Tove har vore biblioteksjef i Volda i 32 år.
Janita Mo bur i Ørsta og er utdanna lærar og har tilleggsutdanning i informasjon og media.  Dei er 4 tilsette i Volda Folkebibliotek og dei vil byte på vaktene i Hornindal. I starten er det Janita (til venstre) og Tove som blir i Hornindal kvar sine dagar.

Atle Espe slutta som biblioteksjef i sommar og fortsette som lærar ved Hornindal skule.
Anita Seljeseth har vore midlertidig tilsett som bibliotekmedarbeidar dette halvåret.

Takk for innsatsen på biblioteket til Atle og Anita og velkomen til Janita og Tove!

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmann. Sist endra 25.04.2018