Borgarleg vigsel i Hornindal kommune

Ringar.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 01.01.2018 er det Hornindal kommune de skal kontakte dersom de ønskjer å inngå ekteskap ved borgarleg vigsel.

Søknadsskjema


Ansvaret som tidlegare låg til Tingretten (Sorenskrivaren) er no overført til kommunane. I kommunestyresak 064/17 er vedtaket at det er ordførar Stig Olav Lødemel og varaordførar Randi Langlo som er vigslarar i Hornindal.
Vigsellokale/stad er Kommunestyresalen i Smia og Groparken. Vigsel tilbodet er gratis for kommunen sine innbyggjarar og pesonar busette i utlandet.

For å inngå ekteskap må vilkåra i ekteskapsloven vere oppfylt. Det er Skattekontoret som kontrollerer om vilkåra er oppfylt.

Skjema som skal sendast til Skattekontoret:

Eigenerklæring:
Eigenerklæring

Forlovarerklæring:
Forlovarerklæring

Tidlegare gift? Erklæring om skifte:
Skifteerklæring

Endre namn? Melding om endring av namn:
Namneendring

Ut frå skjema vurderer Skatteetaten om vilkåra er oppfylt. Viss alt er i orden, blir det skrive ut ein Prøvingsattest som er gyldig i 4 mndr. Sakshandsamingstida er 2 – 3 veker.
 

Informasjon om ekteskap med utenlandsk statsborger:
http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/Ekteskap-med-utenlandsk-statsborger/

Statsborgarar frå land utanfor Norden må legge fram dokumentasjon som viser at vedkomande har lovleg opphald i Norge. Dokumentasjonen må vere i original eller kopi bekrefta av norsk offentleg myndigheit
Dokumentasjon frå land utanfor Norden må vere legalisert eller påført eit apostillestempel av myndigheitene i det landet den er utstedt. (I Norge er det Fylkesmannen som legaliserer dokument for bruk i utlandet)

Dokumentasjonen skal sendast til Skattekontoret som den av brudeparet som er busett i Norge høyrer til.


Bestille tid for vigsel:

Når de har fått Prøvingsattesten, tek de kontakt med Hornindal kommune for å bestille vigsel – tlf 57879800 eller epost post@hornindal.kommune.no
Den originale Prøvingsattesten må leverast inn saman med legitimasjon.

De kan gifte dykk tidlegast 3 dagar etter at kommunen har motteke Prøvingsattesten. Hornindal kommune vigslar alle dagar, også på laurdag og søndag.

Ny ekteskapslov av 01.01.2009 gjev personar av same kjønn rett til å inngå ekteskap. 
 


Seremonien:
 

Det er god plass til å ta med gjester under seremonien.

Paret må møte fram seinast ½ time før seremonien startar, og det må leverast legitimasjon.

Det må vere to vitne under seremonien.

Vigselen vil føregå på norsk eller engelsk. Ved anna språk må paret ta med tolk.

Seremonien tek ca 10 minutt.

Det borgarlege Vigselformularet blir lese opp.

Det er høve å setje på ringar, gje melding om dette på førehand

Paret kan sjølv ordne kunstnarlege innslag til seremonien, gje melding om dette på førehand.

Paret avgjer om det er høve til å ta bilder.

Paret, vitna og vigslaren underteiknar til slutt Vigselprotokollen.

Paret får ein midlertidig vigselattest som også blir sendt til Folkeregisteret. Endeleg vigselattest blir ettersendt frå Folkeregisteret


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 

 

 



 

 

Publisert av Solfrid Otterdal Lien. Sist endra 27.05.2019