Detaljreguleringsplan for Løvland bustadfelt - 1. gongs offentleg utlegging

Løvland bustadfelt - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, jf. § 12-3, vert utkast til detaljreguleringsplan for Løvland bustadfelt lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 19.06. - 14.08.2017. Jf. planutvalet sitt vedtak i sak 010/17.

Plandokumenta omfattar planomtale m/ konsekvensvurdering av kulturminne og kulturmiljø, risikovurdering, tilhøve til naturmangfaldlova m.m., samt reguleringsføresegner og plankart (utkast datert 15.05.2017).
Hovudføremålet med planen er å leggje til rette for utbygging av kommunalt byggjefelt på Løvland, og det blir lagt til rette både for einebustader og tomter for fleire bueiningar/ husvære. I grensa mot byggjefeltet i Kyrkjhornsbakkane er det regulert inn tomt fot fleire bueingar på privat grunn, del av gnr. 205, bnr. 1. Tilkomsten til denne tomta skjer frå kommunal veg i felt A i Kyrkjhornsbakkane. For å betre tilhøva for gåande er det planlagt fortau/ gangveg frå barnehagen til byggjefeltet i Kyrkjhornsbakkane.
 
For nærare orientering om planen vert det vist til plandokumenta (sjå link under). Planen er også tilgjengeleg (i papirformat) på kommunehuset Smia.
Evt. merknader til planforslaget skal sendast skriftleg til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist: 14.08.2017.
Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 20.06.2017