Reguleringsplan/ reguleringsendring for Grodås sentrum og tilgrensande areal på Kyrkjhorn - offentleg utlegging

Vårbilde - Klikk for stort bilete Etter vedtak i planutvalet, sak 016/15 vert utkast til reguleringsplan/ reguleringsendring for Grodå sentrum og tilgrensande areal på Kyrkjhorn lagt ut til offentleg ettersyn. Plandokumenta omfattar planomtale m/ risikovurdering, reguleringsføresegner og plankart. Frist for uttale er sett til 29.01.2016. 

På oppdrag frå Hornindal kommune har ing. Per Mulvik AS utarbeidd utkast til ny reguleringsplan for Grodås sentrum og tilgrensande areal på Kirkhorn. Planområdet har i stor grad same avgrensing som reguleringsplanen av 1997, men er utvida austover til reguleringsgrensa mot Nyland bustadfelt og Lidavegen. Planområdet er samla på ca. 265 daa., inkl. areal i Hornindalsvatnet og deler av Vikaelva og Kyrkjhornselva. Ca. 60 daa. gjeld areal som ikkje har vore regulert tidlegare, i hovudsak areal mellom eksisterande sentrumskjerne og Lidavegen.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utviding og utvikling av eit triveleg sentrum – bygt på tettstaden Grodås sine kvalitetar og mulegheiter. Det vert lagt til rette for attraktive bustad- kontor- og forretningstomter i nær tilknyting til eksisterande sentrumsmiljø. I tillegg er det lagt vekt på å fornye gjeldande reguleringsplan i samsvar med dagens bruk og ynskje om bruk av areal, alt i samsvar med kommuneplanen sin arealdel. Det er ikkje lagt opp til endring av hovudvegen gjennom sentrum.

Mesteparten av planen er utarbeidd som detaljregulering, men for nye område avsett til kombinerte forretnings- kontor- og bustadareal (B/F/K-areal) er det krav om detaljregulering før utbygginga kan ta til.

For nærare omtale av planen vert det vist til vedlegga under.

I annonsen er uttalefristen sett til 15.01.2016, men denne vert forlenga til 29.01.2016.

 

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 04.12.2015