Reguleringsplan for massetak søraust for Kjøs bru - offentleg ettersyn

Massetak sørasut for Kjøs bru - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 12-11, jf. § 12-3, vert utkast til privat reguleringsplan for massetak/ næringsområde søraust for Kjøs bru lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 06.07. – 24.08.2015. Jf. planutvalet sitt vedtak i sak 006/15.

Plandokumenta omfattar planomtale m/ konsekvensvurdering og risikovurdering, reguleringsføresegner og plankart, og hovudføremålet er å å legge til rette for vidare drift/fullføring av eksisterande massetak med tilhørande infrastruktur. Planforslag tek ikkje stilling til etterbruken, men etter avslutta masseuttak vil området vere planert og kunne nyttast til forretning/industri/lager i samsvar med kommuneplan. Detaljar for etterbruken må avklarast gjennom ny detaljreguleringsplan for området.

For nærare orientering om planen vert det vist til plandokumenta (sjå link under). Planen er også tilgjengeleg (i papirformat) på kommunehuset Smia.

Evt. merknader til planforslaget skal sendast skriftleg til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist: 24.08.2015.

 

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 06.07.2015