Reguleringsplan for Raudemel industriområde - offentleg ettersyn

Raudemel industriområde - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, jf. § 12-3, vert utkast til reguleringsplan/ reguleringsendring for Raudemel industriområde lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 02.07. – 24.08.2015. Jf. planutvalet sitt vedtak i sak 004/15.

 Plandokumenta omfattar planomtale m/ konsekvensvurdering og risikovurdering, reguleringsføresegner og plankart, og føremålet er å leggje til rette for vidare utbygging og utvikling av industriområdet på Raudemel.

For nærare orientering om planen vert det vist til plandokumenta (sjå link under). Planen er også tilgjengeleg (i papirformat) på kommunehuset Smia.

Evt. merknader til planforslaget skal sendast skriftleg til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist: 24.08.2015.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 06.07.2015