Faresonekartlegging i deler av Hornindal

Haust - Klikk for stort bilete På oppdrag frå NVE har Asplan Viak utført kartlegging av skredfare i deler av Hornindal kommune. Føremålet med kartlegginga er å betre grunnlaget og kunnskapen om skredfare - til bruk i arealplanlegging, beredskapsarbeid og i byggjesakshandsaming. Kartlegginga vil også gje eit betre grunnlag for vurdering av evt. sikringstiltak i utsette område.

 Med grunnlag i eksisterande busetnad - og framtidige utbyggingsområde, jf. arealdelen til kommuneplanen, er hovuddelen av kartlegginga utført i området Svor - Lien - Grodås - Kyrkjhorn - Ytrehorn - Lillestøl - Lødemel - Ytre Haugen - Hjellbakkane - Gausemel - Tomasgard - Lødøen. I tillegg er område som har størst potensiell fare for å bli utsett for skred tekne med. Dette omfattar:

  • Kjøs - Øyebakken
  • Sætra
  • Otterdal

Tidlegare er det utarbeidd aktsemdskart (kart som viser område med potensiell fare for skred) for heile landet, men i område med faresonekart er desse gjeldande føre aktsemdskarta. For eksisterande bygningar innafor faresonene kan kommunen, og private gjennom kommunen, søkje NVE om stønad til planlegging og gjennomføring av evt. sikringstiltak.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 21.07.2015