Lokalmat og reiseliv i Hornindal

Hornindal har lange og sterke tradisjonar innan lokal matproduksjon. Frå gamalt av vart det bryggja og baka på dei fleste gardane i bygda, og i mange tilfelle var det lokale variantar som gjekk i arv frå generasjon til generasjon. Dette er tradisjonar og variasjonar som bør føljast opp og vidareutviklast.
Å gå frå hobby til kommersiell produksjon (tene pengar) blir ofte sett på som «litt farleg». Det kan vere greitt å gå saman med andre når ein skal ut på ukjende vegar, så ta gjerne kontakt med andre som du veit er i same situasjon.
Dei som ønskjer å vite meir om dette «farlege» kan få hjelp til dette gjennom to prosjekt som går no. 

Kort beskrivelse av prosjektet
Målet er å legge til rette og synleggjere lokalmat betre i samband med naturbaserte opplevingar. Dette skal igjen munne ut i ferdige pakkar der lokal mat er med å forsterke opplevingane i Nordfjord. Prosjektet omfattar å skape samarbeid mellom lokale matprodusentar og reiselivsbedrifter, samt informasjon og marknadsføring både mot turoperatørar og forbrukarar. 

Prosjektet omfattar :
• Skape møteplassar for lokale matprodusentar og reiselivsbedrifter
• Knytte opp lokal mat, der det er mogleg til attraksjonar, tema, kultur etc.
• Distribusjon av produkt gjennom ulike kanalar.
• Marknadsføring/PR knytt til lokal mat/reiseliv
• Alliansebygging mot diverse partar: Butikkar, overnattingsbedrifter, aktivitetstilbydarar, turoperatørar/incoming m.fl.
• Sikre at det er høg kvalitet på produkta som blir brukt. At aktørane utviklar, distribuerer og marknadsfører konkrete produkt mot prioriterte marknadssegment.
• Støtte opp om festivalar som Matamål og liknande.

Kontaktperson:
Beate Vik Hauge, Reisemål Stryn & Nordfjord
Tel. 57 87 40 51 (direkte) Mob. 907 86 563

 

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg R├ądmannen. Sist endra 27.02.2015