Edvard Hoem heldt festtale

Anders Svor - Klikk for stort bilete Forfattar Edvard Hoem heldt festtalen under jubileumsmarkeringa på Anders Svor museum. Han avduka også skulpturgruppa «Adam og Eva», i ein ny bronseversjon.

Anders Svor Museum opna jubileumssesongen 2014 med ei ny-montering av samlinga og lansering av boka «Anders Svor - skulpturar», som vart utgjeve av forlaget Skald. Med eit staseleg kulturprogram vart dette ein festdag til heider for ein særmerkt kunstnar.