Reguleringsendring/ reguleringsplan for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend m.m. - offentleg ettersyn

Grendadalen - Klikk for stort bileteGrendadalen I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, jf. § 12-3, vert forslag til reguleringsplan/ reguleringsendring (detaljplan) for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend m.m. lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 09.05. – 20.06.2014. Jf. planutvalet sitt vedtak i sak 005/14.

Føremålet med detaljreguleringa er m.a. å endre utforminga av enkelte delfelt m/ tilhøyrande vegar, leggje til rette for køyring fram til den enkelte tomt, og auke omfanget av hytteutbygginga. Det er også lagt til rette for meir intensiv arealutnytting i området FK1 - FK3, nærast skisenteret. Inngjerding er eit sentralt tema i reguleringsføresegnene, og planutvalet meiner det bør leggjast til rette for at deler av tomtene, leikeområda m.m. kan innegjrdast.

Evt. merknader til planforslaget skal sendast skriftleg til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist: 20.06.2014.