Reguleringsplan for mellombels massedeponi og riggområde på Støverstein - offentleg ettersyn

Planområde  - Klikk for stort bilete På vegne av Hornindal kommune fremjar Statens vegvesen, Region midt, reguleringsplan for mellombels massedeponi og riggområde på Støverstein, i grenseområdet mot Stranda kommune. Reguleringsplanen omfattar eit område på ca. 50 daa. av eigedomen til Jon Ivar Gausemel, og området vil mellombels kunne nyttast for lagring av tunnelmasse frå Ljøtunnelen. I møte den 12.12.2013 gjorde planutvalet vedtak om at reguleringsplanen skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Jf. planutvalsak 021-13.

 Føremålet med reguleringsplanen er å sikre mellombels lagerplass for tunnelmasse frå byggjesteg 3 Røyr – Hellesylt (Ljøtunnelen) i eit eigna område – for seinare (snarast råd) å kunne nytte massen til bygging av ny fylkesveg 60 på strekninga Tomasgard - Røyrhus bru. Oppstart av arbeidet på Ljøtunnelen er planlagt til våren 2014, og Statens vegvesen ynskjer difor at «…kommunen prioriterer planprosessen og får planen godkjent i løpet av vinteren 2014.»

Reguleringsplanen er lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 20.12.2013 - 17.02.2014, og dei som har merknader til planen m/ tilhøyrande føresegner må sende desse skriftleg til Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, eller til post@hornindal.kommune.no - innan 17.02.2014.    

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 16.12.2013