Kunngjering eigengodkjend reguleringsplan

Område B4 - Klikk for stort bilete Område B5 - Klikk for stort bilete

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert det gjort kjent at Hornindal kommunestyre i møte den 07.11.2013 eigengodkjende:

  • Reguleringsplan for hyttefelt i område B4 – nord for Storesetra (KS-069-13)
  • Reguleringsplan for hyttefelt i område B5 – søraust for Storesetra (KS-068-13)

Planane legg til rette for utbygging av hytter m/ tilhøyrande parkeringsareal i dei aktuelle områda. Nærare orientering om plandokumentet og kommunestyret sine vedtak går fram av vedlegga under. 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, 3. avsnitt, jf. § 1-9, kan vedtaket påklagast til Miljøverndepartementet v/ fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Evt. klage skal sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal innan 3 veker, og vere kommunen i hende seinast 20.01.2014.

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 16.12.2013