Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for fylkesveg 60 Tomasgard - Møre og Romsdal grense

Utsyn over Hornindal frå Muldsvorhornet - Klikk for stort bilete Ola Magne Strand Hornindal kommunestyre eigengodkjende kommunedelplan for fylkesveg 60 Tomasgard - Møre og Romsdal grense den 18.10.2012, og Statens vegvesen varslar no oppstart av arbeid med reguleringsplan på same strekninga.

I samsvar med Plan- og bygningslova §§ 3-7 og 12-8 varslar Statens vegvesen oppstart av reguleringsplanarbeid for fv.60 på strekninga frå Tomasgard til grensa mot Stranda kommune i Møre og Romsdal.

Ny fv.60 skal planleggjast etter alternativ 2 i eigengodkjend kommunedelplan for nemnde strekning. Veglinja startar ved Tomasgard og går først på sørsida av dalen - før ho kryssar Storelva i området Taraldset/ Seljeset - Brendefur, og vidare på nordsida av dalen til grensa mot Stranda kommune. I tillegg til veglinja, skal det m.a. regulerast inn kryss og avkøyrsler, og det vil også vere trong for mellombels riggområde og deponiområde for eventuelle overskots- og skrotmassar frå anlegget. Statens vegvesen ber om at dei som har forslag til eigna deponiområde for slike masser kontaktar vegvesenet om dette.

Planarbeidet utløyser ikkje ny konsekvensutgreiing, då dette vart utført i samband med kommunedelplanen, men i kommunestyret si eigengodkjenning av kommunedelplanen er det innafor nærare avgrensa område sett krav om tilleggsutgreiing av risiko og sårbarheit, kulturmiljø, vassmiljø og støy. 

Spørsmål i tilknyting til reguleringsplanarbeidet kan rettast til Gun-Mari Ødegård på tlf. 57 65 34 eller på e-post: gun-mari.odegard@vegvesen.no

Eventuelle innspel eller merknader til planarbeidet skal sendast til Statens vegvesen, Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER eller på e-post: Firmapost-vest@vegvesen.no innan 28.10.2013  

Som ledd i førebuingane til planarbeidet vil det i løpet av hausten 2013 bli utført grunnundersøkingar, og desse omfatter grunnboring og prøvetaking (Grunneigarane er orientert om dette i eige brev frå Statens vegvesen). Grunnboringane blir utførte med beltegåande borerigg og skal gje svar på kor djupt det er til fastare massar og fjell, og kva kvalitet og eigenskapar massane har.

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 28.10.2013