Kommunedelplan for fv 60 Tomasgard - Røyrhus bru - kunngjering av eigengodkjent plan for den del som ligg i Hornindal kommune

Utsyn over Hornindal frå Muldsvorhornet - Klikk for stort bileteUtsyn over Hornindal frå Muldsvorhornet Ola Magne Strand Kommunedelplan for ny fylkesveg 60, for den del som ligg i Hornindal kommune, vart vedteken av Hornindal kommunestyre den 18.10.2012.
Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast. Jf. plan- og bygningslova av 27.06.2008, § 11-15.

Kommunestyret si eigengodkjenning inneber at framtidig fylkesvegtrasé på strekninga Tomasgard - Møre grense skal planleggjast og byggjast etter alternativ 2. Innafor sine plangrenser gjeld kommunedelplanen for fylkesveg 60 før tidlegare vedteken arealdel til kommuneplanen for Hornindal kommune.

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 1-6 og 26-1 er det ikkje tillate med byggjetiltak eller endring av eigedomar som kan vere i strid med kommunedelplanen - eller som kan hindre vidare planlegging og utbygging av fylkesvegen. Evt. dispensasjonssøknader skal leggjast fram for Statens vegvesen for uttale.

Detaljutforming av området på Tomasgard, brukryssing i området Taraldset – Brendefur, plassering og utforming av avkøyrsler m.m. vil bli nærare utgreia og avklara under reguleringsplanprosessen.

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 11.09.2013