Kunngjering av eigengodkjent reguleringsendring/ reguleringsplan for Kvivsvegen - E39 Lødemel - Grodås.

E39 Kvivsvegen - Klikk for stort bileteE39 Kvivsvegen Trond Erlend Mehlum I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert det gjort kjent at Hornindal kommunestyre i møte den 18.10.2012 vedtok Reguleringsplan/ reguleringsendring for Kvivsvegen E39 Grodås - Lødemel.

Reguleringsendringa/ reguleringsplanen erstattar tidlegare plan av 14.12.2006, og dei største endringane skjer i området skulen – kyrkja, der planområdet er litt utvida i høve til tidlegare plan. I endra plan får grindløa på Kyrkjhorn stå, og veglinja for E39 og avkøyrsla til kyrkja er justert etter dette. Endringane omfattar også busslommar langs E39, avkøyrsla til skule- og idrettsområdet, utvida køyreveg og gang- og sykkelveg sør for skulen, plassering og utforming av vegkrysset E39 x fv.60 på Lødøen, endring av «sagtomt» på Lødøen – frå industri til landbruk og utvida planområde på Lødemel - der "Krafttun" er teken inn i planen og regulert til indudtriføremål. Elles er det gjort fleire mindre endringar på område avsett til trafikkføremål og kombinerte føremål innafor heile planområdet.

Vedteken reguleringsplan/ reguleringsendring er straks bindande for arealbruken innafor planområdet.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, 3. avsnitt, jf. § 1-9, kan vedtaket påklagast til Miljøverndepartementet v/ fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Evt. klage skal sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal innan 3 veker, og vere kommunen i hende seinast 04.09.2013.

Eventuelle krav om innløysing av areal og erstatning må setjast fram - innan 3 - tre - år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 12.08.2013