Reguleringsplan for del av hytteområde B4 - nord for Storesetra - offentleg ettersyn

          Del av område B4 - Klikk for stort bilete Del av område B4 I sak 010/13 gjorde planutvalet vedtak om offentleg utlegging av reguleringsplan (detaljplan) for hytteområde B4 - nord for Storesetra. Planen legg til rette for etablering av ei ny tomt, i tillegg til ei eksisterande hytte i området, og byggjer på dei føresegner og føringar som er nedfelt i seterdalsanalysen og arealdelen til kommuneplanen.

Hyttene kan ha eit bruksareal BRA < 60 m2, og det skal ikkje leggjast inn vatn eller etablerast avløp frå hyttene.

Den framlagde reguleringsplanen omfattar berre ein mindre del av område B4, og med krav til godkjent reguleringsplan før utbygging kan skje betyr dette at det ikkje kan setjast i gong søknadspliktige tiltak i resterande del av B4 - i form av nybygg, tilbygg, påbygg eller liknande - før området vert regulert.

Nærare omtale av reguleringsplanen m/ føresegner finn du i saka.

Evt. merknader til planforslaget skal sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no innan 26.08.2013.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 04.07.2013