Reguleringsplan for massedeponi og riggplass i grenseområdet mot Stranda kommune - varsel om oppstart av planarbeid

Planområde  - Klikk for stort bilete Føremålet med deponiet er å kunne lagre eigna masse til bygging av ny fylkesveg 60 - på strekninga Tomasgard til området ved Røyrhus bru. Mesteparten av parsellen ligg i Hornindal kommune, og politikarane har tidlegare signalisert eit sterkt ynskje om å leggje til rette for raskast mogeleg realisering av den nye fylkesvegen. 

Statens vegvesen har målsetjing om å kome i gong med tunellarbeidet på byggjesteg 3 på strekninga Røyr – Hellesylt i løpet av hausten 2013, og skal steinmassane kunne lagrast i grenseområdet må det utarbeidast reguleringsplan for eit deponiområde på ca. 25 daa. Planområdet omfattar eit litt større areal, men hovudføremålet med reguleringa er å sikre tilstrekkeleg lagerplass for steinmassane. Planområdet er avgrensa av gnr. 196, bnr. 3 sine eigedomsgrenser mot sør, vest og aust, og av fv. 60 si nordre grense (austre grense er kommunegrense/ fylkesgrense mot Stranda kommune/ Møre og Romsdal fylke). Innafor dette området vil massedeponiet bli regulert inn i ca. 230 m lengde vestover frå fylkesgrensa. Heile planområdet ligg innafor plangrensene til eigengodkjent kommunedelplan for ny fylkesveg 60, og det er ikkje sett krav om planprogram.Planarbeidet skjer i samarbeid med vegvesenet, og det er Statens vegvesen Region Midt som vil stå føre den fysiske planlegginga. 

Evt. merknader eller innspel til oppstartvarselet skal sendast til: Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller på e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist: 19.08.2013.

Publisert av Ståle Hatlelid. Sist endra 02.07.2013