Revisjon av tematisk kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 - 2017 - varsel om oppstart

Kunstgrasbana oversikt 2012 - Klikk for stort bileteKunstgrasbana oversikt 2012 Trond Erlend Mehlum

I KS-sak 003/13 vart kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2009 – 2012 forlenga til også å gjelde for 2013. Godkjent plan er ein føresetnad for å få spelemidlar, og etter ei omfattande utbygging og rehabilitering av anlegg siste åra treng planen reviderast.

Ei arbeidsgruppe, samansett av oppvekst- og kultursjef, folkehelsekoordinator, plan- og bygningssjef og ein representant for Hornindal idrettslag, har ansvar for planarbeidet. Dei viktigaste delane av arbeidet vil vere:

• evaluere eksisterande kommunedelplan for idrett- og friluftsliv 2009 – 2012 (2013)
• utarbeide oversikt over eksisterande anlegg i kommunen
• utarbeide mål og strategiar for idrett, friluftsliv og aktivitetar i eit helseperspektiv
• dokumentere aktivitetar og behov
• registrere ynskje om nye anlegg
• registrere trongen for rehabilitering av eksisterande anlegg
• registrere trongen for nærmiljøanlegg
• utarbeide oversikt over framtidig arealbehov (innspel til arealdel av kommuneplanen)
• utarbeide liste over langsiktige oppgåver (10-12 år) for utbygging og tilrettelegging
• prioritert handlingsprogram for utbygging og tilrettelegging av anlegg i perioden 2014- 2017.

Gjeldande plan er utgangspunkt for revisjonen, og arbeidsgruppa må vurdere i kor stort omfang planen skal endrast. Store endringar på anleggsfronten siste åra – med idrettshall, kunstgrasbane, varmestove, skitrekk, nedfartsløyper og rehabilitert idrettspark m.m. tilseier at lista over eksisterande anlegg må oppjusterast. Som følgje av ny plan- og bygningslova må også alle paragrafar det er vist til i dette lovverket endrast. Planen skal elles utformast i tråd med departementet sin rettleiar (V-798).

Oppstart av planarbeidet er kunngjort i "Fjordingen", og det vert høve til å kome med innspel til planen.Offentlege instansar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar med engasjement for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet vert oppfordra til å sende evt. innspel til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, innan 30.08.2013.

Det vert elles vist til Kulturdepartementet sine rettleiarar og føresegner: http://www.regjeringen.no/Upload/KKD/Idrett/V-0798.pdf http://www.regjeringen.no/upload/KUD/Idrett/Publikasjoner/V-0732-N-2013_web.pdf

Oversikt over alle aktuelle publikasjonar frå Kulturdepartementet: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/tema/idrett/publikasjoner-fra-idrettsavdelingen.html?id=86915

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 01.07.2013