Ny forvaltningsplan for Sætremyrane naturreservat

Føremålet med forvaltingsplanen er å
-vere eit hjelpemiddel til å realisere føremålet med naturreservatet. Planen byggjer på verneforskrifta og den kunnskapen som finst om reservatet og naturtypen.
-klargjere kva spelerom grunneigarar og andre brukarar har i det freda området.
-gje grunneigarane og allmenta innsyn i kva siktemål og strategi forvaltingsstyresmakta har for natur-reservatet.

Siktemålet med forvaltinga er å ta vare på den levande og naturlege dynamikken i naturreservatet, heller enn å konservere eit statisk landskapsbilete. Fylkesmannen opnar for hogst i nærare definerte bestand der tresetnaden ikkje har spesiell pedagogisk verdi i høve til soneringar på høgmyr. Kulturminne knytte til gammal torvindustri er særskilt omtalt. Prioriterte skjøtselsretta tiltak i planperioden er:
1. Fjerning av gran.
2. Fjerning av boss
3. Mogleg restaurering etter tidlegare inngrep.

Forvaltinga prioriterer elles å få gjort ei myrfagleg karakterisering og kartfesting av dei ulike delane av myrkomplekset, gjerne kopla til utgreiing om geologi og danningshistorikk, likeins å få etablert ei lang-siktig overvaking av vegetasjon, myrstrukturar og naturprosessar, og verknader av inngrep og påverkna-der. Kulturminnefagleg undersøking bør inngå i dette. Fylkesmannen vil oppmuntre vidare naturregist-reringar i naturreservatet, både vitskaplege og i form av t.d. skuleekskursjonar som kan bidra til ny kunn-skap om artsmangfald m.m. Fylkesmannen ønskjer at det vert etablert ein eigna plass for informasjon ved den planlagde, nye fylkesvegen gjennom Hornindal.

Her finn du oversikt over rapportar frå miljøvern- og landbruksavdelinga

Fylkesmannen godkjenner prøvetaking i Sætremyrane naturreservat, mars 2015
Sjølv om undersøkingane i Sætremyrane skjer på initiativ frå Fylkesmannen, treng prøvetaking og andre inngrep formelt løyve.
På oppdrag frå Fylkesmannen skal NTNU-Vitenskapsmuseet og Bioforsk kartleggje og karakterisere den verna myra, for å finne ut i kva grad tidlegare torvuttak har endra den naturlege forma og voksteren på myra. Det skal danne grunnlag for eventuelle tiltak for å attskape meir av dei naturlege tilhøva, og betre tilhøva for å ta opp klimagassar. Arbeidet skal såleis kome både dette naturreservatet og heile klimaarbeidet til gode.
Meir om prosjektet.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 13.03.2015