For å sikre høg kvalitet i alle byggjesaker, og motverke ulovleg byggjearbeid, er det viktig med god dialog mellom kommunen og aktørane i byggjebransjen. Det er aktørane (tiltakshavar og føretak som er involvert i byggjesaka) som har ansvar for at tiltaket skjer i samsvar med gjeldande lovverk, men det er kommunen sin plikt å føre (lovpålagt) tilsyn med at regelverket blir følgt, og evt. påverke byggjeprosessen.
For 2011 skal tilsynet prioritere fagområde og tiltak som kan medføre ein viss risiko for helse, miljø og tryggleik. Tilsynsplanen skal reviderast og vedtakast årleg, og ved årsskiftet vil administrasjonen leggje fram rapport over utførte tilsyn - og ei vurdering av desse ut frå målsetjinga i planen. Oversikt over utførte tilsyn skal rapporterast til Statens bygningstekniske etat.