Folkehelse

Hornindal kommune har inngått avtale om partnarskap for folkehelse.
Folkehelsekoordinator er Linda Tomasgård og er tilsett i 30% stilling - tlf 57 87 98 86.
Ho har kontor på Helsehuset.

Partnarskap for folkehelse er tverrfagleg og sektorovergripande samarbeid på regionalt og kommunalt nivå.

I Hornindal kommune har ein  fem satsingsområde innanfor folkehelsearbeidet:
- Psykisk helse
- Fysisk aktivitet
- Ernæring,
- Rus
- Tobakk

Folkehelsekoordinator samarbeidar tett med folkehelserådet som ho er leiar for.  
Medlemane i folkehelserådet består av representantar frå NAV, skulen, barnehagen, nærmiljøsentralen og idrettslaget. I tillegg er ordførar og helsesjefen medlemar. Deltakarane i folkehelserådet skal tenkje folkehelse i sitt daglige virke, og vere bevisste positive prosessar i nærmiljøet.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg R├ądmannen. Sist endra 08.03.2017