Rehabilitering og habilitering

Definisjon av rehabilitering:”er tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel, der fleire aktørar samarbeider om å gje nødvendig bistand til brukaren sin innsats for å oppnå best mogleg funksjons- og mestringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet.”

Definisjon av habilitering:”habilitering gjeld det same men dreier seg om tiltak spesielt retta mot barn eller voksne med medfødte eller tidlig erverva helse- og/eller funksjonsproblem”

Kommunene har plikt til å sikre tilbod om planlagde og samordna habilitering- og rehabiliteringstiltak overfor personar med funksjonshemming eller kronisk sjukdom.

Kommunen har og plikt til å arbeide mot at alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester får utarbeidd individuell plan dersom dei ønskjer det. Brukaren eller pårørande skal sjølve vere aktivt deltakande i utforming av planen.

Retten til individuell plan er nedfelt i regelverk for helse og sosialtenestene.

For å sikre ei samla oversikt over tenestetilboda i kommunen skal alle kommuner ha ei koordinerande eining. Hornindal kommune skal i løpet av 2009 opprette ei slik eining men fram til det har vi fagpersonar (liste under) som kan kontaktast ved behov for tenester innan habilitering/rehabilitering.

Rehabilitering og habilitering
Rehabilitering og habilitering
AvdelingNamnTelefon
Helsestasjon/HelsesjefMary Anne Espe5787 9860 / 5787 9871
HeimetenesterLaila Støve Otterdal5787 9860 / 5787 9866
InstitusjonLiv Langeland Muldsvor5787 9860 / 5787 9880
Tenester for funksjonshemmaTorunn Bjørdal5787 9860 / 5787 9879
PsykiatriElsa Aslaug Ommedal5787 9860 / 5787 9864
FysioterapiKari Svarstad5787 9860 / 5787 9872
Publisert av Trond Mehlum. Ansvarleg Mary Espe. Sist endra 11.04.2014