Hornindal kommune har fått ny heimeside!

Hornindal kommune
Hornindal kommune
Vi er glade for å kunne vise deg den nye heimesida til Hornindal kommune. Målet vårt er betre kommunal informasjon og fleire tilgjenglege tenester på nettsidene våre.

Sida vår er laga som eit prosjekt i lag med dei andre kommunane i Nordfjord, og alle er no på lufta med nye sider.
Publisert av Jarle Tvinnereim. Første gong publisert 03.03.2005
Datasamarbeidet mellom Nordfjord-kommunane har etter kvart blitt ganske omfattande, og eit av fellesprosjekta våre er samordning av kommunane sine heimesider.

Du finn tydlege spor av samarbeidet også på sjølve heimesida. I menyen oppe på sida finn du under fana Nordfjordnytt oppdatert nytt frå dei andre kommunane sine heimesider. Ved å trykke på Nordfjord-kartet nede til høgre, kjem du direkte inn på sidene til Stryn, Gloppen, Eid o s v.

Vi tykkjer sjølve at den nye heimesida er blitt bra, og vi skal arbeide fortløpande for å gjere ho endå betre. Ikkje alle menyar har like god informasjon frå første dag. Vi må berre innrømme at dagane har gått for fort no fram til lansering.

I løpet av våren kjem fleire tilbod ut på sida. Det mest spennande vil truleg vere elektroniske skjema. Du må berre følgje med og sjå kva som skjer!

Vi er glade for synspunkt om heimesida og tar gjerne mot både ris og ros.

Vi vonar at nettsida skal vere eit levande medium som er i endring, og som speglar aktiviteten i kommunen.