Administrativ organisering

Fotograf: Hornindal kommune
fotograf Hornindal kommune

Hornindal kommune er administrativt organisert etter ein kombinasjon av etats- og avdelingsmodell (sjå "Administrativ organisering").

Kommunen sin sentraladministrasjon held til i Kommunehuset Smia. Der er også Offentleg servicekontor med NAV, Utviklingsetaten og bibliotek.

Kontaktinformasjon for dei tilsette i kommunen kan du finne ved å bruke "Personsøk" .
Kommunen er delt i disse einingane: Rådmannen, Utvikling, Skulen, Barnehagen, Helse,  Pleie og Omsorg. 
Helse- og sosial er organisert i tre likestilte avdelingar: Helse, Pleie-omsorg og Sosial-barnevern.

Offentleg servicekontor er det første du møter når du kjem inn i kommunehuset Smia. Kommunen har i samarbeid med statlege etatar organisert førstelinje-tenestene i servicekontoret.

Elles finn du i 1. etasje sentraladministrasjonen, økonomiavdelinga, NAV og biblioteket. 

Utviklingsetaten har kontorplass i 2. etasje på kommunehuset. Utvikling har ansvar for mellom anna tekniske tenester, landbruk og næring, plan- og byggesak, miljøvern. IKT-tenestene er lagt til sentraladministrasjonen.
Kyrkjekontoret har også kontor i 2.etasje.

Helsesenteret, Omsorgsenteret, Hornindal skule og Hornindal barnehage held til i eigne bygg.

Publisert av Trond Mehlum. Ansvarleg R├ądmannen. Sist endra 13.01.2012