Beredskap

Kommunen har eit ansvar for samfunnssikkerheit og beredskap i lokalsamfunnet.
Systematisk samfunnssikkerheits- og beredskapsarbeid handlar om tiltak for å forebygge og effektivt kunne handsame hendingar og situasjonar som trugar liv, helse, miljø og viktige samfunnsverdiar og krev ekstraordinær innsats.
Fotograf: Hornindal kommune
Kommunehuset Smia fotograf Hornindal kommune
Kommunen taklar til dagleg uønskte hendingar: Brannvesenet rykkjer ut ved brannar og trafikkulykker, helsevesenet tek seg av skadar osv.
Det systematiske samfunnssikkerheits- og beredskapsarbeidet handlar om å forebygge og å vere førebudd på takle situasjonar som er større enn dei som det ordinære hjelpeapparatet tek seg av til dagleg.

Kommunestyret har valt beredsskapsråd som er kommunen sitt samarbeidsorgan i beredskapsspørsmål.

Beredskapsrådet er samansett slik:

Ordførar
Rådmann
Assisterande rådmann
Lensmannen i Stryn og Hornindal
Brannsjef
Helsesjef
Ein frå forsvaret (HV)
Ein frå Røde Kors i kommunen

Hornindal kommune har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS) for å finne ut kva risiki og fåremoment som finns, og kor sårbar kommunen er for svikt i samfunnsviktige funksjonar
ROS-analysen skal vere grunnlag for skadeførebyggande og skadeavgrensande tiltak.
Med bakgrunn i ROS-analysen skal det takast beredskapsomsyn i all kommunal planlegging.

Kommunen har utarbeidd kriseleiingsplan og valt kriseleiing som vert innkalla om større kriser skulle inntreffe eller større ulukker skulle skje.

Med i kriseleiinga er:

Ordførar
Rådmann
Assisterande rådmann
Brannsjef
Helsesjef
Lensmannen i Stryn og Hornindal

I kommunen er det oppretta tverrfaglege kriseteam som skal vere i beredskap / brukast i samband med alvorlege ulukker, kriser og katastrofar.
Det er dessutan gjort avtale med ei rekkje personar om tolketeneste på mange språk om det skulle bli tron for det i ein gitt situasjon.
Det er vidare utarbeidd handlingsplanar for mange tenkte hendingar.

Kommunen sin ROS-analyse og kriseleiingsplan vert rullert med jamne mellomrom.

Om kriseleiinga vert innkalla, så vil den halde til i Kommunehuset Smia.
 
Publisert av Jarle Tvinnereim. Første gong publisert 25.02.2005