Publisert 14.05.2019
valglogo_gull-e1553866860434.jpg

Valstyret for nye Volda godkjende i møtet 9. mai vallistene for kommunestyret- og fylkestingsvalet i 2019.
Her kan du sjå oversikt over offisielle listene for Volda kommune.

Publisert 10.05.2019
Logo brannfare.jpg

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbod mot bålbrenning o.a. bruk av åpen eld i skog og mark, men etter nedbør i fleire dagar er det ikkje lenger totalforbod mot å gjere opp eld i område der det absolutt ikkje kan føre til brann. 

Publisert 30.04.2019

Startlån og tilskot til etablering
Startlån og tilskot til etablering skal bidra til at husstandar med langvarig bustadfinansierings-problem skal kunne skaffe seg ein eigna bustad og behalde den.

Prioriterte grupper er:

  • Barnefamiliar med behov for eigna og stabil busituasjon skal utgjere minst 50 prosent av dei totale tala på husstandar på landsbasis.
  • Personar som bur i kommunal bustad.
  • Personar som står i fare for å miste bustaden og som klarar å behalde bustaden ved refinansiering.
  • Personar med lav, men stabil og føreseieleg inntekt, som ikkje har mogelegheit for å spare opp eigenkapital.
     

Tilskot til tilpassing 
Tilskotet skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad får nødvendig finansiering. Det skal òg bidra til å auke tilgjengelegheita i bustadmassen.

Ved tildeling av tilskot i 2019 gjeld desse prioriteringane: 

  • Minst 50 prosent av tilsegna på landsbasis skal gå til familiar som har barn med nedsett funksjonsevne. 
  • Husstandar med nedsett funksjonsevne og svak økonomi. 
  • Husstandar med nedsett funksjonsevne og normal økonomi. 
  • Eldre som ønskjer å leggje til rette for framtidige behov for tilpassing, slik at dei kan bli buande heime lenger.

For meir opplysningar ta kontakt med Hornindal kommune, tlf. 57 87 98 00/57 87 98 08 
E-post: post@hornindal.kommune.no 

For meir opplysningar gå inn på  www.husbanken.no

Søk startlån og tilskot her

Første Førre | Neste Siste