Publisert 14.09.2018
Bilde dagsturhytte.jpg

Hytta skal ligge like ovanfor Nakkebruna, og får etter kvart ei fin utsikt ned til Grodås og vatnet, og innover dalen. Dei som har tatt turen til Ytrehornsnakken siste veka, har nok sett at tomta til dagsturhytta i Hornindal no er avdekka, og det er klart til å få fundament til hytta.

Dagsturhytta kom til kaia i Stryn på laurdag 8.september. Den består av 8 element. 4 element vart transportert til Holmøyane på måndag, men regnværet gjorde at transporten av dei 4 siste elementa vart utsett.  Årsaka til at hyttene ikkje blir frakta til Ytrehorn, er at modulane er for høge til å få gjennom tunellen.

Fundamenta skal etter planen flygast opp med helikopter på torsdag, 20.september. Då blir fundamenta frakta frå marka på Ytrehorn og opp til Nakkebruna. Etter planen skal arbeidet med montering av grunnfundamenta ta til 2. oktober. Då kjem leverandøren av hyttene med mannskap som skal gjere arbeidet.

Den 10.oktober skal modulane etter planen flygast på plass på Nakkebruna. Då blir hytta, som er delt i 8 modular, frakt med helikopter opp til Nakkebruna.  Før opninga kan finne stad, må uteområdet leggast til rette for besøkande.  

Sidan transporten og flyginga er væravhengig, kan tidsskjemaet  bli endra på kort varsel.

Publisert 14.09.2018
Frivilligsentral stor logo.jpg

Kan du tenke deg å jobbe med frivilligheit i Hornindal? Hornindal frivilligsentral søker etter vikar for tidsrommet 10.12.2018-1.8.2019. Som dagleg leiar ved Hornindal frivilligsentral vil du få jobbe med mange flotte engasjerte frivillige, kjekke samarbeidspartnarar og veldig interessante prosjekt.

Hornindal Frivilligsentral er organisert som foreining og har som føremål å vere eit senter for frivillig aktivitet

Søknadsfrist: 07.10.2018

Publisert 03.09.2018
a6

Frå 1. august er det ny inntektsgrense for gratis kjernetid i barnehagen for familiar som samla har ei inntekt under 533 500 kroner. Ordninga med gratis kjernetid på 20 timar per veke gjeld for tre – fire- og fem åringar, og barn med utsett skulestart.

Føresette som har rett på 20 timars gratis kjernetid eller redusert foreldrebetaling i barnehage må søkje for kvart barnehageår, med dokumentasjon for inntekt. 

Les meir her

Første Førre | Neste Siste