Informasjonsskriv frå prosjektleiaren

HornindalogVolda.jpg - Klikk for stort bilete

Prosjektleiar i kommunesamanslåinga, Rune Sjurgard, summerer opp den siste tida, og fortel om vegen vidare i kommunesamanslåinga etter ferien. 

Sommaren er så vidt i gang og vi har snart gjort unna 1. etappe i kommunereform for dette året. Stortinget vedtok ny kommunestruktur 8. juni, med ein reduksjon frå 426 til 354 kommunar.

Med godkjenning frå Stortinget vert Hornindal og Volda nye Volda frå 1. januar 2020.

Fellesnemnda går no over frå å vere førebels fellesnemnd til å verte ordinær fellesnemnd etter inndelingslova, og kan binde den nye kommunen juridisk og økonomisk. Den nye kommunen vil vere ein del av Møre og Romsdal som skal halde fram som eige fylke. 

 

Informasjon, samarbeid og likeverd

Både administrasjonen og politikarane samarbeider godt om å byggje den nye kommunen. Namnet er på plass og kommunevåpen er under prosess. Det vert arbeidd med å få opp ei eiga nettside for nye Volda etter ferien. Inntil vidare vert alle informasjon lagt ut på nettsidene til Hornindal og Volda kommune.
 
Kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven arbeider med ein kommunikasjonsplan som skal vedtakast i fellesnemnda etter ferien. Det vil verte ulike innslag av publisering frå kvardagen i desse to kommunane framover for å spreie kunnskap og skape fellesskap mellom honndølane og voldingane. 
 
Likeverd er eit viktig prinsipp for samarbeidet. Derfor er det lik representasjon i fellesnemnd og alle politiske og administrative organ. Fellesnemnda skal ha neste møte 20. juni.
 
På saklista er konstituering av fellesnemnda etter stortingsvedtaket, møteplan, tilsetjing av prosjektleiar, mandat for partssamansett utval og plan/tiltak for ekstern kulturbygging.
 
HogV_kommunestyre.JPG - Klikk for stort bilete

 

Politikk og administrasjon

Ordføraren i Volda leier eit organisasjonsutval som utgreier politisk organisering for den nye kommunen. Utvalet drøftar ein del overordna prinsipp rundt demokrati og funksjon der nærdemokrati er ein del av dette. Utvalet har eit notat under arbeid som er tilgjengeleg på kommunane sine nettsider. 
 
Fram til no har den administrative jobben i hovudsak bestått i kartlegging. Dette vert leia av den administrative styringsgruppa, samansett av rådmennene, ass. rådmann i Volda og to hovudtillitsvalde. Det vart nedsett 15 arbeidsgrupper tidleg i vinter. Desse har no levert sine rapportar til den administrative styringsgruppa. 
 
Dette er omfattande materiale, og styringsgruppa får ein stor jobb med å gå gjennom alt dette og vurdere nye mandat for neste fase, som vert å planleggje endringar og korleis ting skal verte i den nye kommunen på alle administrative og tenesteytande område.
 
Arbeidsgruppene sit med god kunnskap og har gjort ein stor jobb. 
Arkiv er noko som må trekkjast fram som kritisk for å få den nye kommunen opp og gå. Arkiv for dei gamle kommunane må ordnast og avsluttast, og dette er ein formidabel jobb. Det er behov for å styrke prosjektorganisasjonen for å ivareta dette. 
Erfaringane frå andre kommunesamanslåingsprosessar er at implementering av IKT-løysingane er komplisert og krevjande.
 
Vidare registrerer vi at det er særleg pressa ressurssituasjon innanfor tekniske tenester i Hornindal, og at det ikkje er ressursar til samtidig å drive prosess på planlegging av samanslåing innanfor dette tenesteområdet.
 
Det vil derfor verte vurdert også å få styrka ressursinnsatsen for prosjektgjennomføring innanfor IKT/tekniske tenester. Vi vil få 20 millionar frå staten etter ferien til kommunesamanslåingsprosjektet.

 

Landbruk

Ifølgje intensjonsavtalen skal det vere landbrukskontor på Grodås. Hornindal er ei sterk landbrukskommune, og Volda har også område der det vert drive godt innanfor næringa.
 
Den nye kommunen har eit potensiale for utvikling innanfor landbruk og tilgrensa næringar retta mot oppleving, reiseliv og handverk mv. 
 
Det er intensjonen å få til eit utviklingskontor på Grodås som kan samarbeide godt opp mot ulike næringar og vere ei drivkraft for utvikling av naturbasert næring. Hornindal og Volda har vore i dialog med Stranda kommune om samarbeid omkring dette. 
 
Volda og Ørsta har i dag felles landbrukskontor, og det vil vere ein styrke for næringa om alle desse kommunane kan få til eit framtidig samarbeid med ei god arbeidsfordeling av forvaltnings- og utviklingsoppgåver.
 
Nye Volda skal skape noko nytt, og det er naturleg at ein ut frå intensjonsavtalen legg nokre premissar for nettopp å få til auka verdiskaping. Det vil kome eit sak på dette til fellesnemnda etter ferien.

Organisering og struktur

I følgje prosjektplanen skal vi ha på plass ny administrativ organisering på hovudstrukturnivå i mars/april 2018. Prosessen startar rett etter ferien med ei samling der dagens organisering vert evaluert.
 
Overordna prinsipp for kva som skal gjelde for den nye organisasjonen i møte med framtidige utfordringar og behov vert neste steg på prosessen. Det vert teke stilling til organisering av prosessen etter ferien. 
 
Planen er å ha på plass leiargruppa for den nye kommunen til våren 2018, slik at dei saman med tillitsvalte kan starte på prosessen med organisering av tenesteområda og ha alt klart hausten 2019. 
 
Skjermbilde.jpeg - Klikk for stort bilete

 

Organisering og struktur

I følgje prosjektplanen skal vi ha på plass ny administrativ organisering på hovudstrukturnivå i mars/april 2018. Prosessen startar rett etter ferien med ei samling der dagens organisering vert evaluert.
 
Overordna prinsipp for kva som skal gjelde for den nye organisasjonen i møte med framtidige utfordringar og behov vert neste steg på prosessen. Det vert teke stilling til organisering av prosessen etter ferien. 
 
Planen er å ha på plass leiargruppa for den nye kommunen til våren 2018, slik at dei saman med tillitsvalte kan starte på prosessen med organisering av tenesteområda og ha alt klart hausten 2019. 
 

Rådmann Ann Kristin Langeland er samd med rådmann/prosjektleiar Rune Sjurgard i at det tilsette fortenar ros.

- Eg opplever at både dei tilsette og dei tillitsvalde i Hornindal legg mykje energi og tid i arbeidet med å bygge ei ny kommune.  Det er i dette gode samspelet  vi ser ein ny organisasjon vekse fram.

Det er ikkje berre dei to rådmennene som legg merke til det gode arbeidet som vert utført av dei tilsette. Dette kom tydeleg fram då Hornindal kommunestyre sist veke handsama Årsmelding og rekneskap for Hornindal kommune 2016. Politikarane ser at det vert levert gode tenester sjølv om det er knapt med ressursar.

Eit samla kommunestyre  bad rådmannen om å ta med ei stor takk til alle tilsette for svært godt arbeid.

Prosessen med Hornindal og Volda har kome godt i gang, og samanlikna med ein del andre samanslåingsprosjekt, så har vi kome relativt langt. Rådmannen har respekt for at dette er ein svært krevjande jobb, og det er viktig å ha opne kanalar for spørsmål og avklare usikkerheit. Difor må de ikkje vere redde for å ta kontakt om de er ting de lurer på.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 21.06.2017
Publisert 14.06.2017
Skjermbilde.jpeg

Kva betyr dette for Volda og Hornindal kommunar? 

Publisert 18.05.2017

Arbeidet med å danne den nye politiske strukturen har starta.

Les meir her:

https://www.volda.kommune.no/nyhende/organisasjonsutvalet-er-igang.34003.aspx

SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Postboks 24, 6761 Hornindal
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: 47484987 Ordførar Stig Olav Lødemel

Kontonr
: 3820.07.00144
Kommunenr
: 1444
Opningstid
: 09:00 - 15:00
Fotograf: Anne Raftevold
Gausemel
Anne Raftevold
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering