Justering av grensa mellom kommunane Stryn og Hornindal

Ytrehornstranda haust - Klikk for stort bilete

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Stryn kommune og Hornindal kommune blir justert slik at grenda Maurset i Kjøs krins blir flytta frå Hornindal til Stryn. Endringa vil skje frå 1. januar 2019.

- Stryn og Hornindal har begge argumentert godt for kvart sitt syn. Departementet har gjort ei heilheitleg vurdering og meiner at løysinga med ei grensejustering berre for Maurset vil gi ei betre grense enn i dag. Denne løysinga vil også fungere som kommune- og fylkesgrense, samtidig som den tar omsyn til ønsket til fleirtalet av innbyggarane i dei ulike delane av Kjøs krins, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Både Stryn og Hornindal er einige i at dagens kommunegrense ikkje er føremålstenleg, og at det difor bør gjennomførast ei justering som gjer at grenda Maurset blir flytta frå Hornindal til Stryn. Spørjeundersøkinga blant innbyggarane viser også at eit klart fleirtal av innbyggarane i Maurset ønsker dette.

Kommunane var ueinige om også resten av Kjøs krins burde overførast til Stryn. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane anbefalte ei justering for heile krinsen, i tråd med ønsket frå innbyggarinitiativet og Stryn kommune. Kommunal- og moderninserings-departementets vedtak inneber at resten av Kjøs krins forblir i Hornindal.

Det bor i dag 19 personer i området som vert overført til Stryn kommune. Det er ingen kommunale institusjonar i området.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Stryn og Hornindal (PDF, 348 kB)

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 12.01.2018
Publisert 25.09.2017
15

Datoar framover
Om du vil følgje tettare med på prosessen framover, kan det vere verdt å merke seg følgjande datoar:

12. oktober: neste møte i Fellesnemnda
13. oktober: nytt møte i den administrative Styringsgruppa

Følg med på www.nyevolda.no 

Publisert 18.08.2017
HogV_kommunestyre.JPG

I samband med kommunesamanslåinga av Hornindal og Volda kommune, lanserer prosjektet sine eigne nettbaserte kanalar. 

SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Solfrid Otterdal Lien
Utsyn mot vatnet frå Setrebakken
Solfrid Otterdal Lien
Kommunereforma Kommunereforma
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering