Redusert foreldrebetaling i barnehage

Barnas Hage - Klikk for stort bilete

«Ny forskrift om foreldrebetaling i barnehagar gir foreldre som har bruttoinntekt lågare enn kr 548.500,- per år rett til redusert betaling. Foreldrebetaling for første barn i barnehagen skal utgjere maksimalt 6 prosent av samla inntekt til familien.

2, 3, 4 og 5-åringar og barn med utsett skulestart har rett på 20 timar gratis kjernetid. Ordninga gjeld for familiar med samla bruttoinntekt lågare enn kr 548.500,- (frå august 2019 gjeld det også for 2-åringar)».

Endringane gjeld for kommunale og private barnehagar.

Foreldre må søkje om redusert foreldrebetaling og om gratis kjernetid. I søknaden må vedleggast siste års sjølvmelding.

Søknadsskjema får du ved å vende deg til kommunen.

For nærare opplysningar kontakt styrar Anita Olsen tlf 97 96 24 24

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 21.10.2019
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering