Publisert 13.08.2019
bilde førehand.png

Det er høve å førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 frå måndag 12. august t.o.m. fredag 6. september.

I Hornindal kan du førehandsrøyste på kommunehuset Smia måndag til fredag frå kl. 09:00 til kl. 15:00. Det vert utvida opningstid laurdag 31. august frå kl. 11-14.00 og onsdag 4. og torsdag 5. september til kl. 18.00.

Du kan også førehandsrøyste på Volda rådhus i same perioden. Nærare informasjon om opningstider og røystestader på heimesida til kommunen, klikk her.

Publisert 08.08.2019
valglogo_gull-e1553866860434.jpg

 Valdagen er mandag 9. september 2019

Gjennomføring av valet 2019 er den første oppgåva som «nye» Volda skal utføre som ny kommune.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 skal skje som om grensendringane allereie har funne stad, og veljarar frå Bjørke, Viddal, Hornindal og Volda skal velje kven som skal sitte i kommunestyret (og andre styre, råd og utval) i neste periode.