Personvern i Hornindal kommune

 

Kva er personvern?

Personvern har sitt utspring i at alle menneske har ein ukrenkelig eigenverdi. Som enkeltmenneske har du derfor rett på en privat sfære som du sjølv kan kontrollere, her kan ein handle fritt utan tvang eller innblanding frå staten eller andre menneske.

Personvern er ikkje berre ein viktig menneskerett som skal sikre omsynet til den enkelte sin personlige integritet og privatliv.

Personvern er også viktig for å sikre felles gode i eit demokratisk samfunn. Utan rett til å ha eit privatliv vil det ikkje vere mogleg for det enkelte menneske å skape seg eit rom til å utvikle refleksjonar og vurderingar på eit sjølvstendig grunnlag, utan å bli forstyrra eller kontrollert av andre.

Som ein del av dette er enkeltpersonar sin rett til å ha innflytelse på bruk og spreiing av personopplysningar om seg sjølv. Vi skal i størst mulig grad kunne bestemme over eigne personopplysningar.

Ny personvernlovgiving

No kjem det nye reglar knytt til behandling av personopplysingar. EU har vedtatt ei forordning om personvern, General data protection regulation (GDPR).

I tillegg har det blitt vedtatt ei ny personopplysingslov. Dette lovverket trer i kraft i løpet av juli 2018. 

Hornindal kommune arbeider systematisk for at innbyggjarane i kommunen skal ha eit godt personvern.

Dette inneber at vi sikrar oss at vi har grunnlag for å behandle personopplysingar, vi behandlar ikkje fleire opplysingar enn naudsynt og ikkje lenger enn naudsynt, vidare at vi har god sikkerheit for dei opplysingane vi behandlar.

Dette er t.d. tilgangskontroll til personopplysingar.

Personvernerklæring

I Hornindal kommune si personvernerklæring kjem det fram korleis Hornindal kommune behandlar personopplysingar på eit generelt grunnlag.

Dersom du ønsker ei meir detaljert forklaring på korleis vi behandlar dine personopplysingar, har kvar sektor i kommunen utarbeidd ein eigen protokoll som syner dette.

Når kommunen bruker dine personopplysingar har du ein del rettigheiter.

Hornindal kommune har eige personvernombod. Dette er innbyggjarane sin representant i saker som gjeld personvern.

Dersom du har spørsmål ta kontakt kommunen per e-post: post@hornindal.kommune.no.

Sjekk også ut dubestemmer.no - ei nettside der unge (og vaksne) kan lære meir om personvern og nettvett, og sjå fleire aktuelle filmar om temaet.

Publisert av Joakim Rødven. Sist endra 13.12.2018
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
Fotograf: Solfrid Otterdal Lien
Vinter Småskora
Solfrid Otterdal Lien
Kommunereforma Kommunereforma

Klikkbart bilete

Vallogo 2011 liten
     
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering