Vegadresser i Hornindal

Vegskilt - Klikk for stort bilete I løpet av første halvår 2015 skal alle i Hornindal få unik adresse med vegnamn og nummer.

Administrasjonen i kommunen har laga eit framlegg som vi ønskjer med innspel på.
Framlegget har vore ute på høyring og etter vedtak i utval for utvikling vart "Revidert forslag til vegnamn/områdenamn for Hornindal vert lagt ut på høyring for 2. gong." 
Høyringsfrist vert sett til 12.01.2015.

Oppdatert vegliste med kart.

Hornindal kommune har sett i gang arbeidet med å innføre offisielle vegadresser i kommunen. Vedtaket om å erstatte matrikkeladresser med vegadresser vart gjort i kommunestyret 10.04.2014;
sak 026/14 «Oppstart av adresseprosjekt i Hornindal».

Bakgrunnen for arbeidet er påtrykk frå sentrale styresmakter, og eit felles adresseprosjekt sett i gong av Statens kartverk og Geodatautvalget for Hordaland og Sogn og Fjordane. Innføring av vegadresser i kommunen vil være med på å sikre liv og helse, og gje samfunnsøkonomiske vinstar. Statens kartverk er rettleiar ved oppretting og forvaltning av eit felles adressesystem for heile landet, etter bestemmelsane i lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova).

Lovheimel for adresseringsarbeidet:
Matrikkelloven kap. 4.

Matrikkelforskriften kap. 12

Vegadresse-arbeidet i Hornindal
Dei etablerte vegadressene i kommunen per i dag er i byggjefelta og i delar av Grodås sentrum. Kommunen vil prøve å unngå omadressering av allereie eksisterande og vedtekne vegnamn.

Arbeidet er i Hornindal kommune organisert som eit prosjekt med prosjektleiar og deltaking frå Utviklingsetaten. Prosjektet er planlagt ferdig til januar 2015.

Framlegg til vegnamn
Vegnettet vert i dette arbeidet delt inn i adresseparsellar (vegstrekningar) / område som får adressevegnamn. Så langt har ein laga 42 nye vegnamn/vegområde. Framlegget kan du sjå i denne lista. Alle har høve til å kome med nye framlegg/innspel til namn på veg/område eller oppdeling av strekningar/område. Innspela må vere skriftlege (brev/e-post).

Viktig ved val av vegnamn
Vegnamna bør ha grunnlag i lokale tilhøve og vidareføre den lokale namnetradisjonen. Historiske namn, eldre stadnamn eller andre navn som fortel kulturhistorie kan vere utgangspunkt for adressevegnamn. Adressevegnamna skal kunne vere varige.

Godkjende skrivemåter
Måten vegnamn skrivast på skal godkjennast av Stadnamntenesta på Vestlandet.
Skrivemåten for stadnamn er regulert i
Lov om stadnavn. Nytt linken sestedsnavn.no for å sjå alle stadnamn i Sentralt stadnamnregister (SSR).

Kva er ei adresse?
Ei vegadresse består av Adressenamn (vegnavn) + adressenummer (husnummer) . Ved flere boeiningar med samme inngang brukast også brukseiningsnummer: t.d. H0203 (Som tyder: andre hovudetasje leilegheit 3 rekna frå venstre møt høgre frå oppgong.)

Kva skal ha adresse?
Alle bygningar som nyttast til bustad, fritidsformål, næringsverksemd, eller offentleg og publikumsretta verksemd skal tildelast ei vegadresse.
I tillegg til offentlege vegar kan både privatvegar og skogsbilvegar få tildelt namn. På sætrane og i hyttefelta kan det vere tenleg med områdenavn.

Adressetilleggsnamn
Matrikkellova opnar for at gardsnamn kan nyttast som del av offisiell adresse i tillegg til vegadressa.
Det er nokre krav som må vere oppfylt for at dette skal kunne godkjennast. Matrikkelforskrifta seier:
"Når adressen gjelder et gårdsbruk, kan den som har grunnbokshjemmel til eiendommen som eier, kreve at den offisielle adressen også skal omfatte gårdens bruksnavn, dersom navnet faller språklig og geografisk sammen med et nedarvet stedsnavn, jf. lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn."

Om det er ønskjeleg å knytte eit gardsnamn til vegadressa må dette søkjast om til kommunen. Søknad må vere skriftleg til kommunen v/ Utviklingetaten, og vere innkomen før høyringsfristen går ut.

Nummer
Hus langs vegen vil få nummer etter tre prinsipp.
1. Langs lengre vegar med spreidt busetnad vil ein nytte avstandsnummer der ein lett kan lage nye nummer innimellom. Husnummer vil indikere 10-metere frå vegens startpunkt.
2. I tett busetnad vil det bli brukt fortløpande kantnummer med partal på venstre side og oddetal på høgre side av vegen. Nummer 1 er ved vegens startpunkt.
3. Områdenummer vil vere aktuelt i t.d hyttefelt og sætre der nummerering ikkje er knytt til plassering langs veg.

Skilting
Siste steg i prosjektet er merking av alle vegar med vegnamnskilt og merking av alle bygningar med husnummer. For å få eit einsarta uttrykk er det planlagt felles innkjøp av husnummer med refusjon frå huseigar.

Informasjon
For spesielt interesserte er det mykje å lese i Statens kartverk sin
Adresseveileder.
Du kan også lese meir om adressering, kart, geodata o.a på Statens kartverk sine heimesider.

Ved spørsmål kan Anita Brenna Muldsvor kontaktast på telefon: 57 87 98 26, eller på e-post: post@hornindal.kommune.no (E-post merkes med "Adresseprosjektet" i emnefeltet). 

SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering