Tilsynsplan for saker etter plan- og bygningslova

Tilsynsplan for saker etter plan- og bygningslova
Tilsynsplan for saker etter plan- og bygningslova

Etter plan- og bygningslova § 25-1, jf. byggjesaksforskrifta kap. 15, er kommunane pålagt å føre tilsyn med tiltak. Det er ikkje krav om førehandsvarsling av tilsynet, men erfaring viser at varsla tilsyn er mest effektive. Hornindal kommune har difor som målsetjing å varsle alle tilsyn på førehand. Varslinga vil då skje så tidleg som mogeleg i byggjeprosessen.

For å sikre høg kvalitet i alle byggjesaker, og motverke ulovleg byggjearbeid, er det viktig med god dialog mellom kommunen og aktørane i byggjebransjen. Det er aktørane (tiltakshavar og føretak som er involvert i byggjesaka) som har ansvar for at tiltaket skjer i samsvar med gjeldande lovverk, men det er kommunen sin plikt å føre (lovpålagt) tilsyn med at regelverket blir følgt, og evt. påverke byggjeprosessen.

For 2011 skal tilsynet prioritere fagområde og tiltak som kan medføre ein viss risiko for helse, miljø og tryggleik. Tilsynsplanen skal reviderast og vedtakast årleg, og ved årsskiftet vil administrasjonen leggje fram rapport over utførte tilsyn - og ei vurdering av desse ut frå målsetjinga i planen. Oversikt over utførte tilsyn skal rapporterast til Statens bygningstekniske etat.  

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 28.03.2011
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering