Tematisk kommunedelplan for klima

Fotograf: Solfrid Otterdal Lien
Haustutsikt fra Småskora fotograf Solfrid Otterdal Lien

I regi av Høgskulen i Volda m.fl. har Hornindal kommune saman med 9 kommunar på søre Sunnmøre fått utarbeidd eigne klimaplanar. Lokalt vert klimaplanen handsama som tematisk kommunedelplan, og målsetjinga er at planen skal vere ein reiskap for å nå både regionale og nasjonale klimamål. Dette skal skje gjennom ei rekkje tiltak som m.a. betrar energiøkonomisering i kommunale bygg, reduserer klimautsleppa lokalt, set miljøkrav ved kommunale innkjøp, betrar tilhøva for gåande og syklande m.m.

Planarbeidet har vore organisert som eit tverrfagleg samarbeid mellom kommunane, representantar frå Enøk-senteret i Ørsta (ENØK), energiselskapet Tussa Kraft (TK), Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Høgskulen i Volda (HVO) og Møreforsking Volda (MFV). Lokalt vart det etablert både styringsgruppe (planutvalet) og arbeidsgruppe, der arbeidsgruppa m.a. har teke del i fagsamlingar, temamøte og arbeidsmøte. Planframstillinga er gjort av prosjektleiinga ved høgskulen i Volda, og planarbeidet er gjennomført med tilskot frå Enova. 

Planen omfattar følgjande hovudtema:                                           

  • Energi - stasjonær energibruk                                           
  • Forbruk og avfall                                                                    
  • Transport    
  • Næringsliv                      
  • Landbruk                                                                                   
  • Handlingsplan

Som eit "prosjekt i prosjektet" er det under tema Energi gjort ei nærare energivurdering av kommunen sin bygningsmasse, og denne vurderinga vil vere eit viktig grunnlag for handlingsplanen.

I handlingsplan er det sett opp tiltak innafor dei ulike hovudtema og status pr. dag dato. Kvart tiltak skal ha ein person som er ansvarleg for gjennomføringa, og ein realistisk tidsfrist. (Ansvarleg person og tidsfrist er førebels ikkje ført inn i planen). Sjølv om enkelte tiltak kanskje ikkje er ambisiøse nok er det lagt vekt på å leggje fram ein realistisk handlingsplan - med tiltak som skal gjennomførast innafor fastsette tidsfristar.  

Som kommunedelplan vil klimaplanen m/handlingsplan rullerast etter reglane i plan- og bygningslova.

Dei som har merknader eller innspel til klimaplanen må sende desse til Hornindal kommune innan 18.01.2010.

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Lise Mari Haugen. Sist endra 12.05.2010
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering