Rullering av trafikktryggingsplanen

Veg og trafikktryggingsplan
Veg og trafikktryggingsplan

Vi set no i gong ein høyringsrunde der alle står fritt til å kome med innspel til rulleringa.
Tilbakemeldingane må vere skriftlege, og må vere kommuna i hende innan 30.09.2011.

Vi skal til med rullering av handlingsdelen til trafikktryggingsplanen i Hornindal kommune. Vi ynskjer innspel frå de som er innbyggarar og andre som oppheld seg i kommuna vår. Har de sett fårlege trafikkpunkt eller andre fårlege moment i tilknytning til vegnettet i kommuna, ynskjer vi å få tilbakemelding frå dykk om det. Spesielt gjeld dette forhold som knyter seg til skuleveg.

Det kan gjelde både kommunal veg og fylkesveg, men vi har ikkje det same ansvaret for fylkesvegane. Likevel kan vi påpeike fare overfor Statens vegvesen, og få i gong prosessar. I år vert fyrste gong på mange år at Statens vegvesen kjem til å vere med i prosessen fram mot ferdig rullert handlingsdel til trafikktryggingsplanen.

Vi skal prøve å vere ferdig med rulleringa slik at handlingsdelen til trafikktryggingsplanen kan kome opp politisk i november 2011. Innspel som har kome inn tidlegare år, skal vere innarbeidd i planen. Saknar de likevel eit tidlegare innspel, er vi sjølvsagt interessert i å få tilbakemelding om det.

Høringsfrist for skriftlege innspel: 30.09.2011
Kontaktperson i Hornindal kommune: Anita Brenna Muldsvor

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 25.04.2012
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering