Reguleringsplan på del av gnr. 47, bnr. 15 og 16 - på Maurset.

Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
Maurset fotograf Trond Mehlum, Hornindal kommune

Med bakgrunn i merknader etter første gongs utlegging gjorde planutvalet i møte den 05.11.2009, sak 021/09, vedtak om å flytte avkøyrsla ved kommunevegen - ca. 40 m vestover. Endringa er ajourført på reguleringsplanen, og sendt på avgrensa høyring.

Frist for merknader er 18.desember 2009.

Planutvalet meiner at den føreslåtte endringa tek i vare tilkomsten til hyttefeltet o.a. eigedomar på nordsida av Maursetvegen, samtidig som det opnar for at gnr. 47, bnr. 6 kan føre opp nytt bustadhus i tunområdet. Flytting av avkøyrsla resulterer i at tilkomstvegen til hyttefeltet m.fl. blir litt kortare, men at det som følgje av dette blir to avkøyrsler på ei kort strekning av kommunevegen. Omlegginga omfattar strekninga frå Maursetvegen - fram til brua over Noraelva, men evt. utviding av brua er ikkje teke inn i reguleringsplanen.

Endringa er sendt på høyring til alle aktuelle grunneigarar og hytteeigarar i området, samt til aktuelle fagetatar i kommunen og på fylkesnivå.

Evt. merknader til reguleringsplanen må sendast Hornindal kommune innan 18.12.2009. 

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Lise Mari Haugen. Sist endra 12.05.2010
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering