Reguleringsplan for Ytrehorn

Fotograf: Trond Mehlum
Vatnet og Ytrehorn fotograf Trond Mehlum
Hornindal kommunestyre har eigengodkjendt reguleringsplanen for Ytrehorn med føresegner den 13.12.2007.
Innafor planområdet er det avsett areal til industri, bustader, offentlege og private vegar, campingplassar, friområde, kommunaltekniske anlegg, landbruk, småbåtanlegg, m.m.
I samsvar med plan- og bygningslova (PBL) § 27-2 nr.3 vert det gjort kjent at Hornindal kommunestyre i møte den 13.12.2007, Sak 132/07 eigengodkjende reguleringsplanen for Ytrehorn med føresegner.

I samsvar med PBL § 31 er reguleringsplanen bindande for alle arbeid og tiltak som er nemnde i PBL §§ 81, 84, 86a, 86b og 93 - innafor planområdet. I medhald av PBL §§ 15 og 27-3, jfr. forvaltningslova kap.VI, kan vedtaket om eigengodkjenning påklagast til departementet av den som er part eller har rettsleg klageinteresse i saka.. Evt. klage skal setjast fram skriftleg og sendast til Hornindal kommune v/ Planutvalet, postboks 24, 6761 Hornindal - innan 30.01.2008.

Eventuelle krav om innløysing og erstatning skal rettast til kommunen og må vere sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Jfr. plan- og bygningslova §§ 32 og 42.

Lenker til saksutgreiinga, planføresegnene og reguleringsplanen på kart finn du nedanfor.

Offentlege dokument Filer
Publisert av Trond Erlend Mehlum. Sist endra 03.03.2008
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering