Eigengodkjend kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2015 - 2018

Tverrløypa ved skisenteret - Klikk for stort bileteTverrløypa ved skisenteret I møte den 12.06.2014 (K-sak 039/14) eigengodkjende Hornindal kommunestyre tematisk kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2015 - 2018. Vedtaket inneber også godkjenning av prioritert handlingsplan for 2015.

Planen er m.a. kommunen sitt styringsverkty for utbygging av idrettsanlegg, samtidig som han legg føringar for kommunen sitt engasjement i arbeidet for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hornindal. Det er dokumentert at fysisk aktivitet er ei viktig kjelde til trivsel og god helse, og folkehelse har såleis ein viktig plass i planen.

Eige kapittel om spelemidlar og tilskotsordningar gjev ei kortfatta innføring i søknadsgrupper og tilskotssatsar, og handlingsdelen inneheld prioriterte liste for utbygging av ordinære anlegg, liste over nærmiljøanlegg, og ei liste over uprioritert anlegg.

Det vert elles vist til kommunestyret sitt vedtak og plandokumentet m/ tilhøyrande vedlegg.

SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering