Eigengodkjend klimaplan for Hornindal kommune

I august 2010 eigengodkjende kommunestyret klimaplanen for Hornindal 2010 - 2020. Planen omfattar følgjande hovudtema:
1. Energi - stasjonær energibruk
2. Forbruk og avfall
3. Transport
4. Næringsliv
5. Landbruk

Fotograf: Hornindal kommune
Storelva fotograf Hornindal kommune

Den kortsiktige delen (handlingsdelen) for perioden 2010 - 2013 omfattar tiltak innafor alle nemnde tema. For 2011 gjeld dette i hovudsak energiøkonomiserande tiltak i kommunale bygningar, samt informasjonstiltak retta mot bygdefolket generelt - og skule og barnehage spesielt. (Klimabrosjyre er sendt til alle husstandar i bygda i november 2011).

Sjølv om det kan vere delte meiningar om hovudårsakene til dei store klimaendringane vil alle tiltak som er med på å redusere utslepp og minske energiforbruket vere positive - både lokalklimatisk og globalt. På litt sikt vil det også kunne bety mykje økonomisk for kommunane og lokalsamfunna.  Utfordringane er mange, og for 2011 har kommunestyret prioritert  informasjonstiltak til bygdefolket generelt, og til skule og barnbehage spesielt. I tillegg arbeider kommunen vidare med etablering av energireduserande tiltak i kommunale bygningar. 

Av informasjonstiltak har kommunen, i samarbeid med Volda og Ørsta kommunar, alt fått utarbeidd ei brosjyre med tips om kva den enkelte husstand kan gjere for å redusere utsleppa og betre miljøet. Mange av tiltaka dreier seg om enkle haldningsendringar, og kostar lite å gjennomføre. Andre krev meir, og stiller nye krav til korleis vi planlegg kvardagen vår. I løpet av november 2011 vil alle husstandar i kommunen få tilsendt denne brosjyra - saman med klistremerke mot uønska reklame.

Samarbeidet med 7 av kommunane på søre Sunnmøre er ført vidare gjennom eit nytt prosjekt - kalla "Klimakutt Møre" (www.hivolda.no/klimaplan), og prosjektet har som målsetjing å samarbeide om iverksetjing av tiltaka innafor alle hovudtema i klimaplanen. Fram til og med 2012 vil enøktiltak ha første prioritet.

På kommunen si heimeside vil det bli lagt ut fortløpande informasjon om gjennomføring av klimakuttiltaka, etterkvart som arbeidet skrid fram. Alt 25. mars 2011 var kommunane med på aksjonen Earth Hour - der alle var utfordra til å sløkkje lyset i ein time for klimaet. Nærare informasjon om resultatet av aksjonen er å finne på www.earthhour.no.  

 
Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 24.11.2011
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering