Kommuneplan for Hornindal

Kommuneplanen for Hornindal vart godkjent av kommunestyret i 2004. Kommuneplanen er eit overordna dokument for kommunal planlegging. Arealdelen er juridisk bindande for arealplanlegginga i kommunen.
Kommuneplanen for Hornindal er delt i tre deler:

- Del 1: Analyse og utfordring
- Del 2: Mål og strategidel
- Del 3: Arealdelen

På lenkjene under finn du tekstdelane. Etterkvart vert også kartet til arealdelen tilgjengeleg på nettet.
Publisert av Jarle. Første gong publisert 02.04.2005
Publisert 09.12.2016
SMIL 2014

I møte den 30.06.2016 (K-sak 047/16) eigengodkjende Hornindal kommunestyre tematisk kommunedelplan for kulturlandskap, utmark og miljø 2016 - 2019

Planen er m.a. kommunen sitt styringsverkty for tildeling av spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlar)

Tematisk kommunedelplan for Kulturlandskap, utmark og miljø (PDF, 967 kB)

Publisert 26.10.2016
Horndalsrokken

Tematisk kommunedelplan for Kulturminne - Kulturmiljø 2016-2019 er godkjend i Kommunestyret den 30.06.2016 K-sak 046/16

Publisert 23.06.2014
Tverrløypa ved skisenteret

I møte den 12.06.2014 (K-sak 039/14) eigengodkjende Hornindal kommunestyre tematisk kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2015 - 2018. Vedtaket inneber også godkjenning av prioritert handlingsplan for 2015.

Publisert 19.12.2013

Budsjett 2014 og langtidsplan 2014- 2017 vart handsama i kommunestyret 12. desember 2013.
Nedanfor finn du lenke til budsjettet og den politiske handsaminga. 

Publisert 24.11.2011
Horndøla7

I august 2010 eigengodkjende kommunestyret klimaplanen for Hornindal 2010 - 2020. Planen omfattar følgjande hovudtema:
1. Energi - stasjonær energibruk
2. Forbruk og avfall
3. Transport
4. Næringsliv
5. Landbruk

Publisert 06.09.2011
Veg og trafikktryggingsplan

Vi set no i gong ein høyringsrunde der alle står fritt til å kome med innspel til rulleringa.
Tilbakemeldingane må vere skriftlege, og må vere kommuna i hende innan 30.09.2011.

Publisert 24.03.2011
Tilsynsplan for saker etter plan- og bygningslova

Etter plan- og bygningslova § 25-1, jf. byggjesaksforskrifta kap. 15, er kommunane pålagt å føre tilsyn med tiltak. Det er ikkje krav om førehandsvarsling av tilsynet, men erfaring viser at varsla tilsyn er mest effektive. Hornindal kommune har difor som målsetjing å varsle alle tilsyn på førehand. Varslinga vil då skje så tidleg som mogeleg i byggjeprosessen.

Publisert 01.12.2009
Haustutsikt fra Småskora

I regi av Høgskulen i Volda m.fl. har Hornindal kommune saman med 9 kommunar på søre Sunnmøre fått utarbeidd eigne klimaplanar. Lokalt vert klimaplanen handsama som tematisk kommunedelplan, og målsetjinga er at planen skal vere ein reiskap for å nå både regionale og nasjonale klimamål. Dette skal skje gjennom ei rekkje tiltak som m.a. betrar energiøkonomisering i kommunale bygg, reduserer klimautsleppa lokalt, set miljøkrav ved kommunale innkjøp, betrar tilhøva for gåande og syklande m.m.

Publisert 27.11.2009
Maurset

Med bakgrunn i merknader etter første gongs utlegging gjorde planutvalet i møte den 05.11.2009, sak 021/09, vedtak om å flytte avkøyrsla ved kommunevegen - ca. 40 m vestover. Endringa er ajourført på reguleringsplanen, og sendt på avgrensa høyring.

Frist for merknader er 18.desember 2009.

Publisert 26.08.2009
Hamnen
I juni 2009 vart planen for utvikling av reiselivet i Nordfjord vedteke av kommunestyret i Hornindal.
Publisert 29.07.2009
Maurset

I plansak 009/09 vedtok planutvalet offentleg utlegging av reguleringsplan for hytter på del av gnr. 47, bnr. 15 og 16 - på Maurset.

Publisert 09.06.2009

Det faste utval for plansaker vedtok den 05.05.2009, sak 005/09 mindre vesentleg endring av reguleringsplanen for området aust for Horndøla. Endringa inneber i hovudsak forskyving av avloingsvegen/ tilkomstvegen til hyttefelt F1 - ca. 7 m i austlerg retning.

Publisert 04.06.2009
Mot Grodås frå Lødemel
Planen for differensiert forvalting av Hornindalsvassdraget er eigengodkjent i alle tre kommunane, Eid, Hornindal og Stryn, og har status som kommunedelplan.
Publisert 01.04.2009
Tenestetilboda skal ifølge Forskrift om habilitering og rehabilitering §3 omfatte alle personar som har trong for re/habilitering på grunn av medfødt eller erverva funksjonshemming eller kronisk sjukdom. Det same gjeld for personar som står i fare for å utvikle varig funksjonshemming eller kronisk sjukdom. Planen skal vere eit arbeidsredskap for dei som arbeider med denne brukargruppa og vere opplysande om kva tilbod vi kan gje for brukarar og pårørande.
Publisert 28.12.2007
Vatnet og Ytrehorn
Hornindal kommunestyre har eigengodkjendt reguleringsplanen for Ytrehorn med føresegner den 13.12.2007. Innafor planområdet er det avsett areal til industri, bustader, offentlege og private vegar, campingplassar, friområde, kommunaltekniske anlegg, landbruk, småbåtanlegg, m.m.
Publisert 28.08.2007
Hornindal skisenter (eigengodkjend 29.03.2007)
Reguleringsplan for Hornindal skisenter og tilgrensande hytteområde, i munningen av Grendadalen, er eigengodkjend av kommunen. I planen er det lagt ut 8 hyttefelt, med til saman 87 tomter, og to skitrekktrasear på høvesvis 860 m (opp til 625 m.o.h.) og ca 1600 m (opp til 775 m.o.h.).
Publisert 15.02.2007
Vedteken i møte den 15.12.2005, sak 094/05. Det regulerte området omfattar ca. 32 daa. av gnr. 193, bnr.9 - sør for riksvegen i Honndalslida.
Publisert 15.02.2007
Vedteken i møte den 12.10.2006, sak 059/06. Det regulerte området ligg nord-aust for Otterdalssetra, og er på ca.10 daa.
Publisert 15.02.2007
Vedteken i møte den 15.09.2005, sak 061/05. Det regulerte området omfattar ca. 6 daa. av gnr. 184 (Hjellbakk), bnr.1og 2 - ovanfor setrevegen på Hjellbakk.
Publisert 15.02.2007
Vedteken i møte den 21.04.2005, sak 024/05. Det regulerte området omfattar ca. 6 daa. av gnr. 206 (Grodås), bnr.6 - ved Bøgardfjøsen, nord for Lidavegen.
Publisert 23.11.2006
Restaurert sel på Storesetra
Seterdalsanalysa vart utarbeidd i 1998. Prinsippa som vart nedfelt i denne har lege til grunn for seinare planarbeid i kommunen. Analysa er utarbeidd for å sikre eit godt resultat med omsyn til framtidig hyttebygging i setredalane.
Publisert 20.10.2005
Utval for utvikling har gjort vedtak om retningsliner for hjorteforvaltinga i Hornindal.
Publisert 25.02.2005
Kommunehuset Smia
Kommunen har eit ansvar for samfunnssikkerheit og beredskap i lokalsamfunnet. Systematisk samfunnssikkerheits- og beredskapsarbeid handlar om tiltak for å forebygge og effektivt kunne handsame hendingar og situasjonar som trugar liv, helse, miljø og viktige samfunnsverdiar og krev ekstraordinær innsats.
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Postboks 24, 6761 Hornindal
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: 47484987 Ordførar Stig Olav Lødemel

Kontonr
: 3820.07.00144
Kommunenr
: 1444
Opningstid
: 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering